Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Fengsla kriminelle meiner sjølv dei er snillare, meir pålitelege og meir ærlege enn ein gjennomsnittleg samfunnsborgar.
Mange studiar har vist at folk har ein tendens til å overdriva sine eigne positive trekk og evner. Ein finn til dømes at bilistar flest sjølv meiner dei er betre enn snittet til å køyra bil. Dei som tenker at denne «betre enn snittet-effekten» skuldast dårleg sjølvinnsikt hos den gemene hop, er blitt utfordra av andre som peikar på at folk flest faktisk kan vera betre enn snittet. Kanskje bilistar flest er betre enn snittet til å køyra, men at det er nokre få heilt elendige sjåførar der ute som dreg snittet til dei grader ned.
Eit forskarlag leia av Constantine Sedikides sette seg føre å undesøka dette, og fekk difor 85 lovbrytarar som sona i eit fengsel sør-aust i England til å svare på spørsmål om sin eigen personlegdom. Dei innsette var mellom 18 og 34 år og sat for det meste inne for vald og ran.
Samanlikna med «gjennomsnittsfangen» meinte dei spurte at dei sjølve var meir moralske, snillare, hadde større sjølvkontroll, var meir lovlydige, hadde større medkjensle og sjenerøsitet, var meir ærlege og meir til å stola på. Overraskande rangerte dei også seg sjølv som høgare på desse trekka enn «eit gjennomsnittleg samfunnsmedlem» – med eitt unnatak: lovlydigheit. Her meinte dei seg å vera heilt på nivå med snittet i befolkninga.
Ifølge Sedikides sparkar denne studien bein under tanken om at folk flest faktisk er betre enn snittet, fordi det i dette tilfellet er gode grunnar til å tru at den gjennomsnittlege ikkje-fangen er meir ærleg og lovlydig enn den gjennomsnittlege fangen.
Tidlegare studiar av intelligens har vist at dei som skårar lågast også har sterkast tendens til å tenka for godt om seg sjølv. Sedikides og kollegar undrar om ikkje resultata deira passar inn i dette mønsteret, skriv PBS Media Center.
Kjelde: Sedikides C., et al. (2014). Behind bars but above the bar: Prisoners consider themselves more prosocial than non-prisoners. The British journal of social psychology / the British Psychological Society PMID: 24359153
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen