Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Ved skilsmisse blir middelaldra kvinner meir einsame enn jamaldra menn i same situasjon.
Forskarane Magnhild Nicolaisen og Kirsten Thorsen ved NOVA og Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse har analysert data om einsemd frå Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG). Dei same personane er intervjua med fem års mellomrom.
Eit hovudfunn er at kvinner mellom 40 og 60 år som blir skilte, har større risiko for å oppleve einsemd enn menn i same aldersgruppa. For personar mellom 60 og 80 år som mister ektefellen ved dødsfall, er derimot menn oftare einsame enn kvinner i tida etter dødsfallet. Negative hendingar og erfaringar i barndomen var òg forbundne med einsemd. Hjå dei middelaldrande deltakarane i studien (40–59 år) var einsemd dessutan knytt til økonomiske problem i barndomsheimen. Dette gjaldt både kvinner og menn.
Blant dei eldste (60–80 år) var menn si einsemd knytt til langvarig mobbing i barndomen og eit konfliktfylt forhold mellom foreldra, medan kvinner si einsemd hadde større samanheng med økonomiske problem i barndomsheimen.
Kjelde: Nicolaisen, M. og Thorsen, K. (2014): Loneliness among men and women – a five-year follow-up study. Aging & Mental Health, 18 (2). Side 194–206.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen