Du er her

Alvorleg anoreksi kan svekke arbeidshukommelsen

Personar som lid av alvorleg eteforstyrringar, gjer det svakare enn den friske kontrollgruppa på somme testar.

Bildediagnostiske studiar har vist tap av hjernemasse hos pasientar med anoreksi, fortel stipendiat og spesialist i klinisk nevropsykologi ved NTNU Siri Weider til Gemini.

– Når ein slankar kroppen så kraftig, slankar ein på ein måte òg hjernen, seier ho.

Weider og kollegar lét 41 personar med anoreksi og 40 personar med bulimi testast med Wechsler Adult Intelligence Scale (WAIS-III) opp mot ei kontrollgruppe på 40 friske personar.

Dei som lid av anoreksi, viste ein litt svakare skår på mange av måla, spesielt oppgåver som har å gjera med tempo og arbeidsminne, truleg som ein konsekvens av lidinga. Personane med anoreksi og bulimi skåra innanfor normalområdet på alle testane, men dårlegare enn friske med same kjønn, alder og utdanning.

For testgruppa som lei av bulimi, fann Weider nokre vanskar på verbale testar, men desse forsvann når det vart kontrollert for depressive symptom. Men overraskande viste det seg at utføringsintelligensen var særleg høg blant pasientane med bulimi.

Weider meiner funna bør få konsekvensar for behandlinga. Personar som lid av anoreksi, kan ha problem med arbeidshukommelse og tempo. Dette må det takast omsyn til. For personar med bulimi kan det vera ein fordel å bruka ikkje-verbale teknikkar, til dømes uttrykksterapi, som supplementær behandling.

Kjelde: Weider et al. (2014). Intellectual Function in Patients with Anorexia Nervosa and Bulimia Nervosa. European Eating Order Review i januar i år.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 51, nummer 8, 2014, side

Kommenter denne artikkelen