Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Og korfor risikerer studentar heile den akademiske karrieren sin for å juksa til seg nokre små ekstrapoeng? Forskargruppa til Nicole Ruedy meiner dei kan ha svaret: Fordi det kjennest godt.
I ein studie skulle 179 amerikanske studentar løysa anagram, ord der bokstavane er stokka om, mot ein pengepremie. 41 % juksa ved å skriva løysinga inn etter at dei hadde sett svaret. I etterkant opplevde desse juksepavane sterkare auke i positive kjensler samanlikna med dei ærlege studentane.
Forklaringa kan ligga i at ein større pengepremie gjev meir positive kjensler, tenkte forskarane. Difor laga dei ein ny studie der 161 studentar ved eit anna universitet skulle løysa matte- og logikkoppgåver på data. 68 % av juksa ved å kikka på svaret for tidleg når dei fekk høve til det. Igjen viste resultata sterkare positive kjensler hos dei som hadde fått høve til å juksa.
For å prøva å finna årsaka til dei positive kjenslene hos juksarane, rekrutterte forskarane 205 personar via nettet til å løysa anagram for pengar. Somme av deltakarane fekk ei melding der arrangørane skreiv at dei ikkje kunne sjekka resultata, men at dei håpte deltakarane var ærlege, dette for å underminera eventuelle rasjonaliseringar hos juksepavane om at dei ikkje hadde brote reglane. Dei som hadde snakka usant om resultata og motteke meldinga, rapporterte å kjenna seg meir sjølvtilfredse enn dei som hadde juksa utan å få meldinga. Ruedy og kollegar konkluderer med at dei positive kjenslene truleg kjem av gleda over å sleppa unna med å juksa.
Kjelde: Ruedy et al. (2013). The cheater’s high: The unexpected affective benefits of unethical behavior. Journal of personality and social psychology, 105 (4). Side 531–548.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen