Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Born som tar livet sitt er til forveksling like jamaldringane sine før sjølvmordet. Dette gjer dei vanskelege å kjenna att i forkant.
Dette viser lege og forskar Anne Freuchen sin studie blant etterlatne etter sjølvmord blant born under 16 år og av sjølvmordsbreva mange let etter seg. Eit anna viktig funn er at bare få av borna som tok livet sitt hadde ein depresjon eller anna psykisk liding.
I 2011 var sjølvmord nest hyppigaste dødsårsak i aldersgruppa 10-14 år i Noreg, etter tumor og likt med ulukker. I perioden 1993-2004 døydde 91 born på 15 år og yngre ved sjølvmord her til lands. Heile 42 foreldrar deltok som informantar i studien.
Borna som døydde ved sjølvmord blei samanlikna med born som døydde i ulukker i same tidsrom, og med alminnelege nolevande born. Fleire av dei som enda med å ta livet sitt viste teikn på å vera triste, men dei var ikkje i kontakt med hjelpeapparatet. Mange av dei hadde vore opptekne av temaet sjølvmord og hadde gjort sjølvmordsforsøk oftare enn borna som døydde i ulukker. Dei som enda med å ta sitt eige liv hadde også oftare opplevd tap og sjølvmord hos nokon dei var glad i.
Fleire av dei var i en konfliktsituasjon før sjølvmordet, men konflikten ble på det tidspunktet ikkje oppfatta som alvorlig av foreldra. Borna spurte ikkje om hjelp eller råd frå foreldra, sjølv om foreldra ikkje var part i konflikten.
Dei som gjorde sjølvmord var meir sårbare og noko meir impulsive enn andre born, men generelt viste dei færre openbare risikofaktorar enn det vi ser blant eldre ungdomar som tek livet sitt.
Heile 43 % hadde skrive avskilsbrev der dei gav forklaring på kvifor dei ville ta livet sitt, uttrykte kjærleik til dei gjenlevande og gav instruksar med omsyn til eigedelar etc. I breva framstilte dei seg som fullt ut ansvarlege for sjølvmordet, og breva ga lite inntrykk av forvirring, men om indre smerte og sårheit.
Forskerane fann lite som tyder på store mørketal i norsk statistikk i skillet mellom ulukker og sjølvmord.
«I all vår kontakt med barn og unge må vi, foreldre og voksne, søke å se verden med barnas øyne, være interessert i deres tanker, små og store vansker, og hvordan de vil løse dem», understrekar forfattaren i ei pressemelding frå Universitetet i Oslo.
Kjelde: Freuchen, A. (2013). The lost years: suicide among children and young adolescents. A psychological autopsy study of suicide victims 15 years and younger 1993–2004 in Norway. Ph.d.-avhandling ved Institutt for klinisk medisin, Universitetet i Oslo.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen