Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Å ta ein tjuv i handa kan vera nok. Eller å setta seg i stolen der ein juksepave nett har sete. Meir skal det ikkje til før skuldkjensla smittar over, viser ein ny studie.
Kendall Eskine og kollegaer inviterte 54 universitetsstudentar til å koma ein og ein inn i eit rom for å gjennomgå ein test. Halvparten blei fortalde at i stolen dei skulle bruka, hadde det nett sete ein student som var knipen i å stela. Deretter utførte deltakarane ein personlegdomstest om korleis dei kjente seg «nett no», inkludert måling av sinne, tristheit og skuld. Skuld blei målt gjennom tilslutting til fråsegner som «Eg kjenner skuld for noko» og «Eg har lyst til å be om orsaking».
Studentane som sat i ein stol nyleg nytta av ein juksepave, skåra høgare på skuldkjensle, men likt som resten av forsøkspersonane på andre kjensler. Ifølgje forskarane tyder dette på moralsk overføring (moral transfer), skriv BPS Research Blog.
I ein oppfølgingsstudie med 48 personar handhelste deltakarane på ein person som dei i etterkant fekk vita hadde juksa på eksamen, noko som førte til auka skuldkjensle, især hos dei som blei målte til lett å kjenna avsky. Den moralske overføringa minka dersom dei hadde på seg hanskar.
Fascinerande spørsmål melder seg i forlenginga av denne studien. Korleis påverkar til dømes moralsk overføring dei som har gjort noko gale? Vil dei kjenna seg mindre og mindre skuldige til fleire dei er i kontakt med? Og kan positive kjensler smitta på same vis?
Kjelde: Eskine, K. J. et al. (2013). Moral Contagion Effects in Everyday Interpersonal Encounters. Journal of Experimental Social Psychology 49(5), 947–950.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen