Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
I 2005 blei antidepressiv dei meste føreskrivne medisinane i USA. Like fullt vil 75 % av befolkninga heller ha psykoterapi enn piller, viser ein ny metastudie.
Her i Noreg nytta 309 397 personar slike medisinar i 2012, mot 292 389 i 2009. Kathryn McHugh og kollegaer samanstilte resultat frå 34 fagfellevurderte studiar (fram til august 2011) som involverte 90 483 personar, der deltakarane blei spurte om behandlingspreferansar. Halvparten av studiane involverte pasientar som venta på behandling. Resten var gjort blant friske personar som blei bedne om å tenka seg kva dei ville føretrekt dersom dei fekk ein diagnose. 65 prosent av studiane gjaldt depresjon, resten handla stort sett om angstlidingar.
Tre av fire spurte ville altså heller ha psykoterapi enn medisinar. Blant dei som sto i behandlingskø, var talet noko lågare (69 %). Mange kvinner og unge i ein studie resulterte i auka ønske om psykoterapi, skriv BPS Research Blog.
– Det er uklart kvifor vi opplever ei vending vekk frå psykologisk behandling i retning av farmakologi, uttalar McHugh. – Men begrensa tilgang til evidensbasert psykologisk behandling spelar utan tvil ei rolle.
Kjelde: McHugh, M.K. et al. (2013). Patient preference for psychological vs pharmacologic treatment of psychiatric disorders: a meta-analytic review. The Journal of Clinical Psychiatry, 74(6), 595–602.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen