Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Når klimapanelet no åtvarar sterkare enn nokon gong mot menneskeskapte miljøendringar, er det bare å håpa at filmskaparar med skepsis til FN sine konklusjonar er opptekne på anna hald.
Ein ny studie hevdar nemleg at filmar som forfektar synet til såkalla klimaskeptikarar, har større gjennomslagskraft enn filmar laga for å fortelja det forskinga finn om menneskeskapte klimaendringar.
Tobias Greitemeyer rekrutterte 97 studentar ved Universitetet i Innsbruck. Eit randomisert utval på 33 personar såg filmen Children of The Flood, som viser fram dei livstrugande følgjene av at pol-isen smeltar. 36 andre såg The Great Global Warming Swindle, ein film som forfektar klimaskepsis. Resten var kontrollgruppe og såg ein nøytral film om livet i Laos.
I etterkant uttrykte dei som hadde sett den klimaskeptiske filmen, meir negative haldningar til miljøspørsmål enn dei andre. Forskarane fann ingen forskjell i slike haldningar mellom dei som såg den nøytrale filmen og dei som såg filmen som bekrefta tanken om menneskeskapte klimaendringar.
I ein oppfølgingsstudie såg 92 studentar anten filmen Six Degrees Could Change the World (som bekreftar klimaendringar), The Climate Swindle: How Eco-mafia Betrays Us; eller Planet Earth: Caves (nøytral). Greitemeyer la også til eit spørjeskjema om deltakarane sine tankar om framtida.
Dei som såg The Climate Swindle, kjente i etterkant på auka handlingslamming og mindre uro med tanke på miljøet, enn dei to andre gruppene. Heller ikkje i denne studien viste dei to andre gruppene målbare forskjellar.
– Media er del av problemet, men ser ikkje ut til så enkelt å kunna gjerast til del av løysinga, kommenterte Greitemeyer.
Studien har fleire svakheiter, aller mest at den ikkje målte studentane sine haldningar til miljøspørsmål før dei såg filmane. Graden av påverknad er det difor ikkje råd å vita noko om, og vi må bare stola på at randomiseringa var effektiv, skriv BPS Research Digest.
Kjelde: Greitemeyer, T. (2013). Beware of climate change skeptic films. Journal of Environmental Psychology DOI: 10.1016/j. jenvp.2013.06.002
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen