Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kvinner presterer dårlegare på matteoppgåver dersom dei på førehand blir presenterte for den udokumenterte kjønnsstereotypien om at kvinner er dårlegare enn menn i matte.
No viser ein ny studie ein enkel måte å svekka frykta for å leva opp til kjønnsstereotypien. Shen Zhang sitt forskarlag lét 110 kvinner og 72 menn løysa 30 matteoppgåver. Forsøkspersonane blei fortalde at menn oftast gjer det best på slike oppgåver. Men, og dette er avgjerande, bare nokre av dei testa personane skreiv sitt eige namn øvst på arket. Andre skreiv eitt av fire alias, Jacob Tyler, Scott Lyons, Jessica Peterson eller Kaitlyn Woods. Ei siste gruppe fekk ark der eit alias var trykt på førehand på første arket, og der dei sjølve måtte fylla det ut på dei resterande.
Alt i alt presterte mennene best. Men kvinner som tok testen under eit anna namn, anten det var eit kvinnenamn eller eit mannsnamn, gjorde det betre enn kvinnene som brukte sitt eige namn. Denne gruppa gjorde det like skarpt som mennene, skriv BPS Research Digest. Forskarane fann ingen liknande effekt for menn som brukte alias.
Kjelde: Shen Zhang et al. (2013). L’eggo My Ego: Reducing the Gender Gap in Math by Unlinking the Self from Performance. Self and Identity DOI: 10.1080/15298868.2012.687012
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen