Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Fotografi av nærleik aukar sjansen for å søka hjelp.
Forskarar ved universitetet i Newcastle, England lét over hundre studentar svara på nokre spørsmål om kor vidt dei søkte hjelp til å løysa utfordringar, eller valde å gjera ting på eiga hand. Deretter fekk dei sjå eit fotografi av to personar som sto side ved side med ryggen til ein korridor, anten ein mann og ei kvinne, eller ein mann og eit barn. Studentane blei så bedne om å tenka seg at dei var kvinna eller barnet alt etter kva bilete dei såg. Halvparten såg variantar av bileta der dei to personane heldt kvarandre i handa.
Denne subtile forskjellen var nok til å gje ei signifikant endring i svara studentane i studien gav på dei neste åtte spørsmåla, som alle handla om kor vidt dei ville søka hjelp for å få ferdig ei gjeven innleveringsoppgåve seinare i semesteret.
Deltakarane som såg to personar halda hender, viste seg i mykje større grad å svara at dei ville søka hjelp enn den andre gruppa gjorde. Effektstorleiken var ifølgje forskarane liten til medium, noko som er imponerande med tanke på den subtile endringa, skriv BPS Media Centre.
Kjelde: Rubin, M. (2011). Social affiliation cues prime help-seeking intentions. Canadian Journal of Behavioural Science/Revue canadienne des sciences du comportement, 43 (2). Side 138–141.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen