Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
I desse sommarferietider kostar vi på oss endå ein kuriøs studie om seksuell tiltrekking, frå den same franske forskaren som sjekka gitarkasseeffekten i studien over.
I denne studien viser Nicolas Guéguen at kvinner med tatoveringar verkar på menn litt som plinget i bjella verka på Pavlov sine hundar. Kvinnelege forsøkspersonar blei nemleg bedne om å ta ein tur på stranda og lesa ei bok liggande på magen. Nokre hadde ikkje tatovering, medan andre fekk plassert ei juksetatovering lågt på ryggen.
To eksperiment viste ein klar tendens. I det første var resultatet at fleire menn (N=220) tok kontakt med dei tatoverte kvinnene, og dei gjorde det raskare, enn dei som tok kontakt med kvinner utan tatovering. Det andre eksperimentet (N=440) viste at menn sjølv rekna sjansen som større for å få eit stemnemøte med dei tatoverte kvinnene, og at dei også rekna med at det var større sjanse for at dei ville ha sex på første stemnemøte dersom kvinna hadde tatovering. Mennene si vurdering av kor fysisk tiltrekkande kvinnene var, blei derimot ikkje påverka av om kvinnene var tatoverte eller ikkje.
Kjelde: Guéguen, N. (2013). Effects of a Tattoo on Men’s Behavior and Attitudes Towards Women: An Experimental Field Study. Archives of Sexual Behaviour 9. mai. Elektronisk publisering før trykk.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen