Du er her

Gitaristen og alle damene

«Forget all about that macho shit and learn how to play guitar», song John Mellencamp på 1980-talet. Ein ny fransk studie tydar på at han hadde forstått kva som skulle til.

ILLUSTRASJON: MARIE RUNDEREIM

For å testa antakinga om at musikk spelar ei rolle ved valg av seksualpartnar, utforma ei gruppe franske forskarar leia av Nicolas Guéguen ved Université de Bretagne-Sud denne studien.

Ein ung mann gjorde framstøyt ovanfor tre hundre kvinner frå 18–22 år, på gata ein solfylt sommardag, og bad om å få telefonnummeret deira. Med seg i handa hadde han anten ein sportsbag, ei gitarkasse, eller ingenting. Undersøkinga viste at det å bera på ei gitarkasse resulterte i at 31 % var villige til å dela telefonnummer. Ingen bag førte til telefonnummer frå 14 % av damene, medan sportsbag faktisk verka negativt (9 %). Dette tydar på at det å driva med musikk er assosiert med valg av seksualpartnar, skriv Guéguen.

Vi bør vel også opplysa lesarane våre om at mannen på førehand var peika ut som svært tiltrekkande av eit panel med damer. Ja, og så gjekk forskninga føre seg i ein fransk småby.

Kjelde. Guéguen, N. (2013). Men’s music ability and attractiveness to women in a real-life courtship context. Psychology of Music 1. mai. Elektronisk publisering før trykk.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 50, nummer 7, 2013, side

Kommenter denne artikkelen