Du er her

Multitasking gav dårleg læring

Berbare pc-ar er eit vanleg syn i forelesingssalar ved universitetet. Truleg ofte på kostnad av god læring, skal ein tru denne canadiske studien.

Faria Sana og kollegar ved McMaster University si avdeling for psykologi, nevrovitskap og åtferd undersøkte effekten av å bruka ein berbar pc i ein simulert klasseromssituasjon. Førti studentar av begge kjønn frå ulike fag deltok. Alle blei bedne om å ta notat på sin eigen berbare pc undervegs i den 45 minuttar lange forelesinga om meteorologi på grunnfagsnivå. Halvparten av studentane skulle i tillegg løysa tolv enkle oppgåver som innebar bruk av Internett. Oppgåvene var laga for å etterlikna typisk forelesingssurfing som forskarane hadde observert hos studentar i ein pilotstudie, og skulle vera råd å løysa på mindre enn eitt kvarter. Til dømes skulle dei finna ut kva som vistes på ein bestemt tv-kanal på eit gjeve tidspunkt same kveld.

Deltakarane som multitaska på datamaskina under forelesinga, gjorde det dårlegare på ei prøve i etterkant enn dei som hadde vore konsentrerte bare om undervisinga. I tillegg viste det seg at dei som hadde direkte utsikt til andre som multitaska, også fekk med seg mindre av undervisinga, sjølv om dei sjølve ikkje multitaska. Å halda på med fleire ting samstundes på ein pc i klasserommet inneber altså ifølgje denne studien ein signifikant distraksjon, både for den som gjer det og for dei som sit rundt, konkluderer forskarane.

Kjelde: Sana et al. (2012). Laptop multitasking hinders classroom learning for both users and nearby peers. Computers & Education 62, side 24–31.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 50, nummer 6, 2013, side

Kommenter denne artikkelen