Du er her

Hedonometeret måler kva verda føler

Ved Universitetet i Vermont har forskarar sidan 2011 samla inn fire milliardar Twitter-meldingar. På grunnlag av desse har dei laga det dei kallar eit hedonometer – ein «lukke-målar».

Grunnlaget er tilfeldige ti prosent av alle Twitter-meldingar som blir skrivne. Kjernen i prosjektet er eit dataverktøy utvikla av psykologar og dataekspertar saman. Dette tar utgangspunkt i 10 000 ord som er brukte i meldingane, og rangerer dei som positive, negative eller nøytrale på ein skala frå 1 til 9.

Positive ord som «lukke» eller «ha, ha, ha» får ein skår på om lag 8, mens «krig», «fengsel», «drap» eller «eksplosjon» får under 2. Kvar dag blir millionar av ord analyserte og gjort om til ein indeks. I starten av mai opna forskarane nettsida si for folk flest.

– Journalistar, politikarar, forskarar – alle som ønskjer – kan sjølve sjå korleis folk reagerer på ulike store hendingar, sa dr. Chris Danforth ved Universitetet of Vermont til Huffington Post.

Ifølgje hedonometeret var 14. april 2013 den tristaste dagen i USA i løpet av dei åra prosjektet har eksistert. Dette var dagen då terrorbombene eksploderte under Boston maraton.

Metoden er blitt kritisert, mellom anna fordi det er ein liten del av befolkninga som tvitrar. Bare 15 prosent av amerikanarane har ein Twitter-konto. Forskarane jobbar med å utvida materialet til andre kjelder, for eksempel Google Trends, ulike bloggar og Bitly. I tillegg skal dei samla data frå tolv andre språk.

Eit anna problem er at hedonometeret så langt bare kan rangera ord og ikkje setningar. Forskarane arbeider difor med å setta saman fraser, slik at dei i større grad fangar opp innhaldet i meldingane.

Bak prosjektet står mellom anna den amerikanske organisasjonen MITRE Corporation, som har 7000 forskarar og er finansiert av det amerikanske forsvarsdepartementet, tryggingsdepartementet Homeland Security, og luftfarts- og helsestyresmaktene i USA.

Kjelde: Johansen, Per Anders (2013). Kartlegger våre følelser på 4 milliarder Twitter-meldinger. Aftenposten 1. mai.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 50, nummer 6, 2013, side

Kommenter denne artikkelen