Du er her

Vittig og klar for ein flørt

Vittige personar blei i denne studien sett som meir aktuelle for ein one night stand.

Publisert
5. april 2013

Illustrasjon: Marie Rundereim

Ein teori om nytta av humor går ut på at det er eit menneskeleg paringssignal. Især menn ser ut til å visa fram intelligensen sin og dei gode genane gjennom å få kvinner til å le. Ein annan teori tolkar humoristiske kommentarar som eit verktøy både kvinner og menn brukar til å formidla seksuell interesse overfor ein person ein likar. Mary Cowan og Anthony Little sin nye studie gjev støtte til den siste teorien.

For å undersøka ekte og spontan humor fekk dei 40 psykologistudentar (20 menn) til å forklara til eit kamera kva dei helst ville ha med seg på ei aude øy av sjokolade, hårspray eller ein plastpose. Deltakarane visste ikkje at studien handla om humor. Like fullt prøvde 19 av dei å vera morosame i svara sine.

Deretter fekk 11 deltakarar (5 menn) sjå forklaringane. Dei blei også bedne om å skåra forklararane ut frå kor morosame dei var, og kor interessante dei var med tanke på ein one night stand, og dei varige forholda. Først vurderte dei lyden av forklaringane, så eit enkelt portrett av forklararane, og til sist heile videoforklaringa.

Menn som blei rekna som morosame, blei også rekna som meir attraktive, både med tanke på ein rask affære og eit varig forhold, men mest for det første. Denne samanhengen var ikkje like tydeleg for kvinnene, men fanst også der. Ein oppfølgingsstudie viste at det å vera morosam korrelerte med det å bli oppfatta som flørtete.

Resultata er interessante, skriv BPS Research Digest. Sjølv om studien har fleire svake sider, skal forskarane ha honnør for å bruke ekte humor.

Kjelde: Cowan & Little (2013). The effects of relationship context and modality on ratings of funniness. Personality and Individual Differences, 54 (4), side 496–500.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 50, nummer 4, 2013, side

Kommenter denne artikkelen