Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Er småungar eigentleg så opptekne av dyr, eller er det bare noko vi trur?
Vi tek ofte for gjeve at småungane er interesserte i levande dyr. Men forskinga har gjort lite for å finna ut om det stemmer. Vanessa LoBue og kollegaer ved University of Virginia, USA filma difor 38 små ungar, med snittalder 24 månader, som leika fritt åleine i eit rom med 14 presumptivt tiltrekkande leiker på golvet. Der var brannbil og ball – og, på andre sida av rommet, to dyr, ein brun hamster i bur og ein blå og raud kampfisk. I eit hjørne sat ein forelder dei ti minutta forsøket varte. Hovudfunnet var at ungane var signifikant meir opptekne av dyra enn av dei to mest populære leikene (ei dokke og eit fly).
I forsøk nummer to var det bare fire leiker, og fire dyr: fisken, hamsteren, ein svart tarantella og ein oransje og svart California Mountain King-slange. I tillegg fekk foreldra lov til å leika med ungane etter fem minuttar. 38 nye ungar var med, med ein snittalder på 28 månader. Igjen var småtassane meir opptekne av dyra enn av leikene, og både foreldre og ungar var forsiktige i møte med edderkoppen og slangen.
Ei opplagt innvending mot forsøket er at dyra rører på seg, medan leikene står i ro. Forskarane forsøkte å kontrollera for dette gjennom å velga rolege dyr (som nattdyret hamster, som sov under forsøka, og edderkoppen, som knapt rørte seg).
I eit tredje forsøk blei småungane presenterte for to og to dyr, eit levande dyr i bur og ein leikevariant av det same dyret festa til hylla like ved – denne gongen hamster, fisk og grøn gekkoøgle. Igjen var ungane meir opptekne av dei levande dyra, i sær når foreldra var saman med dei. Dette tydar på at foreldra også legg til rette for ungane sin fascinasjon for levande dyr, skriv BPS Research Digest.
Kjelde: LoBue, V. et al. (2013). Young children’s interest in live animals. British Journal of Developmental Psychology, 31 (1), 57–69.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen