Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Folk som er religiøse og som trur på det overnaturlege, ser oftare andlet der dei ikkje finst.
På nettauksjonar som eBay kan ein by på rista brødskiver med andletsdraga til både jomfru Maria, Jesus og Michael Jackson. Tapani Riekki og kollegar samla heller fotografi, av alt frå møblar til bergknausar, som på førehand var vurdert til å anten likna eller ikkje likna på eit fjes. Gjennom to ulike annonsar fekk dei tak i 47 personar, ei gruppe med folk som var positive til det overnaturlege og andelege, og ei anna gruppe som var uttala skeptiske til slike fenomen.
Forsøkspersonane som var positive til det overnaturlege, fann oftare område som likna på andlet når dei fekk beskjed om å leita etter det, enn den andre gruppa gjorde. Dei truande såg gjerne også andlet i bilete som på førehand var vurderte til ikkje å innehalda slike strukturar. I tillegg var dei meir nøyaktige enn ateistar og skeptikarar i å plassera slike strukturar i bilete der dei ifølgje forskarane faktisk fanst. Dei truande vurderte også andletsillusjonane til å vera meir fjeslike og følsame enn skeptikarane gjorde.
Kjelde: Riekki, T. et al. (2012). Paranormal and Religious Believers Are More Prone to Illusory Face Perception than Skeptics and Non-believers. Applied Cognitive Psychology DOI: 10.1002/acp.2874
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen