Du er her

Mobilen på bordet

Vanen mange har med å legga mobiltelefonen på bordet kan forstyrra prosessen med å bygga nye sosiale relasjonar.

Dette tyder ein ny studie av Andrew Przybylski og Netta Weinstein ved University of Essex på. Dei to forskarane fekk 34 par med framande personar til å snakka saman i ti minuttar om ei interessant hending frå den siste månaden, skriv BPS Research Digest. Halvparten av samtalepara fekk ein mobiltelefon plassert i synsfeltet, men ikkje direkte framom seg. Under den andre halvparten av samtalane låg det ei notisbok på same staden.

Etter at praten var over, svarte deltakarane på spørsmål om samtalepartnaren sin. Dei med telefonen i synsfeltet var mindre positive enn dei med notisboka. Til dømes var dei mindre innstilte på å vera einige i ei formulering som denne: «Det er sannsynleg at vi kunne bli vener om vi hadde mykje kontakt.» Dei sa også at dei kjente seg mindre nært knytte til samtalepartnarane.

Forsøket blei gjort om att med eit nytt like stort utval, men denne gongen snakka nokre av para om den mest meiningsfulle hendinga siste året, medan andre småprata. Notisbok kopla med djup samtale skapte auka kjensle av nærleik og tillit. Kombinasjonen mobiltelefon og djup samtale makta ikkje å skapa slike kjensler. Deltakarane var ikkje medvitne om den negative mobileffekten. Przybylski og Weinstein spekulerer på om moderne mobiltelefonar kan utløysa automatiske tankar om eit større sosialt nettverk som forstyrrar ein til ein-relasjonen. Men dei innrømmer at studien har klare svakheiter, som at dei ikkje samanlikna effekten av mobiltelefonar med stasjonære telefonar, eller andre teknologiske innretningar.

Kjelde: Przybylski & Weinstein (2012). Can you connect with me now? How the presence of mobile communication technology influences face-to-face conversation quality. Journal of Social and Personal Relationships DOI: 10.1177/0265407512453827

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 11, 2012, side

Kommenter denne artikkelen