Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Lat att augo neste gong du skal fortelja om noko påfallande.
Augnevitne er notorisk upålitelege. I eit forsøk på å avhjelpa situasjonen utvikla psykologar på 1980-talet det såkalla kognitive intervjuet. Sjølv om teknikken er svært effektiv, er den så upraktisk og ressurskrevjande at den sjeldan blir brukt. Forskarane Annelies Vredeveldt (UK) og Steven Penrod (USA) har difor testa ein mykje enklare teknikk: å be augnevitna lata att augo.
Dei 96 studentane som skreiv seg på studien, trudde dei skulle bli testa i sosial interaksjon. I grupper på opp til fire personar møtte dei to kvinnelege forskarar på eit gatehjørne i New York. Kvinnene byrja like etter å krangla. Samanstøyten enda med at den eine slo papira ut av hendene på den andre og storma av garde. Forsøkspersonane blei så tekne anten til laben eller til ein annan stad på gata. Her blei dei bedne om å hugsa så mykje dei kunne frå hendinga. Halvparten fekk beskjed om å ha augo latne att.
Dei som lét att augo, kunne kalla fram 37,6 prosent meir nyttig visuell informasjon om krangelen og svarte 23,8 prosent meir detaljert på spørsmål om hendinga. Effekten var størst på deltakarane som blei spurde inne, noko som støttar teorien om at teknikken hjelper vitna til å sjå hendinga for sitt indre auga. Om effekten skuldast reduksjon av distraherande informasjon, kunne ein venta størst effekt for dei som sto ute på gata. Effekten av teknikken nærma seg resultata ein oppnår ved kognitivt intervju.
Kjelde: Vredeveldt, A. & Steven, D. P. (2012). Eye-closure improves memory for a witnessed event under naturalistic conditions. Psychology, Crime & Law, 1–13.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen