Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Ein ny langtidsstudie viser at tenåringar har godt av å vera saman med foreldra sine.
Forskarar ved Pennsylvania State University har undersøkt tanken om at born veks gradvis vekk frå foreldra og blir meir uavhengige av dei. På fem tidspunkt gjennom sju år utførte dei heimebesøk og telefonintervju med mødrer, fedrar og dei to eldste borna i nær 200 kvite familiar i USA. Forsøksfamiliane kom frå middelklassa eller arbeidarklassa og budde i byar, småbyar og på landet. Ved oppstart var dei eldste borna rundt elleve år og dei nest eldste rundt åtte.
Under heimeintervjua fortalde tenåringane om korleis dei fungerte sosialt saman med jamaldra og om den generelle sjølvkjensla si. Gjennom to–tre veker etter heimebesøka ringte forskarane heim til familiane sju kveldar og spurte tenåringane om kva dei hadde gjort denne dagen, og kven dei hadde vore saman med.
Tida tilbrakt med foreldra medan andre òg var til stades, minka frå tidlege til seine tenår. Men ein til ein samvere mellom tenåringen og ein av foreldra viste faktisk ein auke tidleg og midt i tenåra.
Undersøkinga viste betre sosiale evner i møte med jamaldra hos tenåringar som var mykje saman med far medan andre var til stades, og dei som var mest åleine saman med far hadde betre generell sjølvkjensle. Nedgangen i tid med mor og far var mindre hos nummer to i søskenflokken enn hos nummer ein. Og både kvinner og menn brukte meir tid åleine med born av same kjønn når dei hadde både ein son og ei dotter. Studien er publisert i Child Developement.
Kjelde: Artikkelen «Spending time with parents has benefits for a teenager’s well-being». Lasta ned frå www.medicalnewstoday.com 17.10.2012
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen