Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Psykologar har for første gong testa kva ein niqab har å seia for kommunikasjon av kjensler.
Forskarlaget til Agneta Fischer ved Universitetet i Amsterdam viste 58 studentar filmar utan lyd av kvinnelege skodespelarar som fortalde historier som anten var emosjonelt nøytral, eller som gjorde dei glade, sinte eller skamfulle. Somme av videoane viste skodespelarar med niqab. Andre viste historieforteljaren bak datagenererte horisontale svarte felt som skjulte eit område tilsvarande ein niqab. I den siste videoen var forteljaren utilsløra. Oppgåva gjekk ut på å gradera kjensletrykket kvinnene uttrykte i kvart klypp.
Niqab-en såg ut til å endra mottakarane si oppleving av kjensleuttrykk. Forsøkspersonane som såg videoen der kvinna var slik tildekt, meinte gleda var mindre intens enn det dei gjorde som såg andre videoar. På den andre sida blei skamkjensla oppfatta som sterkare hos både kvinnene med niqab og hos dei med svarte felt på skjermen, enn hos den utildekte kvinna. Tildekking hadde ikkje noko å seia for graderinga av uttrykt sinne, truleg fordi denne kjensla er så tydeleg uttrykt gjennom rynking av augnebryna, skriv PBS Research Digest.
Fischer og kollegaer konkluderer med at niqab kan forsterka folk si oppleving av negative kjensleuttrykk som blir formidla, og dempa dei positive.
Kjelde: Fischer, A. et al. (2012). Veiled Emotions: The Effect of Covered Faces on Emotion Perception and Attitudes. Social Psychological and Personality Science, 3 (3), 266–273.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen