Du er her

Lèt psykologiske labforsøk seg gjenskapa?

Resultat frå laboratorieforsøk lar seg vanlegvis replisera i den verkelege verda (r = 0,71). Men somme psykologiske underdisiplinar klarar seg betre enn andre.

Dette er hovudkonklusjonen til Gregory Mitchell ved University of Virginia etter å ha samanfatta 82 metaanalysar frå dei siste tre tiåra som samanliknar resultat frå 217 psykologiske laboratorieeksperiment med resultat frå studiar av same tema ute i den verkelege verda. Variasjonar i effektstorleik mellom lab og røynd varierte veldig, og i urovekkande mange tilfelle førte utprøving av ein teori utanfor laboratoriet til motsett resultat.

Organisasjonspsykologi viste seg å vera det fagområdet der resultata frå laben oftast lét seg gjenskapa, medan utviklingspsykologi kom dårlegast ut, med ein negativ snittverdi. Men talet på undersøkingar som blei med i studien frå desse to disiplinane, er så ulik at ei direkte samanlikning ikkje vil vera rettvis. Derimot kunne forskarane halda resultata frå 80 sosialpsykologiske studiar (r = 0,53) opp mot 72 organisasjonspsykologiske (r = 0,89).

Det viste seg at studiar av kjønnsforskjellar var særleg vanskelege å omsetta til den verkelege verda – på tvers av alle underkategoriar.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 6, 2012, side

Kommenter denne artikkelen