Du er her

Det hemmelege gjer kroppen tung

Ein ny studie viser at det å bera på løyndomar påverkar sansing og handlingar, som om den som held noko skjult, bokstavleg tala ber ei tung bør.

Forsøkspersonar blei bedne om å skriva ned anten ein stor eller ein liten løyndom. Samstundes skulle dei anslå kor bratt ein bakke var ut frå eit fotografi teke rett på. Dei med store løyndomar meinte bakken var brattast. Forsking har tidlegare vist at personar som ber ei fysisk bør, anslår bakkar til å vera brattare enn det dei gjer som ikkje har noko å bera på. Gruppene med store og små løyndomar skilte seg ikkje i vurderinga av andre oppgåver.

I neste studie kasta 36 studentar på ein blink to og ein halv meter unna. Dei som fekk beskjed om å tenka på ein stor løyndom, kasta i snitt lenger enn dei som skulle tenka på små løyndomar, som om dei oppfatta at målet var lenger unna. Igjen har tidlegare forsking vist at personar som er fysisk belasta, har det med å overestimera avstandar.

Den tredje studien inkluderte førti personar som nyleg hadde vore utrue mot partnaren sin. Dei som sa at løyndomen var tung å bera, hadde ein tendens til å anslå fysiske utfordringar som meir krevjande enn dei som levde godt med sidespranget sitt. Vurderingar av ikkje-fysiske oppgåver viste ingen skilnad mellom gruppene.

I ein siste studie skulle mannlege homofile unnlata å avsløra legningen sin i eit video-intervju. Desse var lite villige til å hjelpa forskarane med å flytta nokre bøker etter intervjuet. Forsøkspersonar som skulle skjula at dei var utovervendte, viste ikkje ein liknande effekt, BPS Research Digest.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 6, 2012, side

Kommenter denne artikkelen