Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
I ein studie av ekte mjuke trafikantar la bare ein av fire mobilbrukarar merke til at ein klovn i full mundur kom syklande gjennom trafikken på einhjulssykkel.
Derimot blei klovnen sett av annankvar person som spaserte for seg sjølv utan å prata i mobil. Også dei som høyrte på musikkspelaren sin eller gjekk saman med andre, klarte seg godt.
Studien blei utført på alminnelege uanande personar i trafikken, og viste at det ikkje bare var synet for syklande klovnar som blei kraftig redusert, mobilbrukarane hadde jamvel problem med å gjera noko så enkelt som det å gå. Dei bevegde seg seinare enn andre, og endra oftare retning eller virra rundt.
Det å vera i eit kjent miljø førte ikkje til betre merksemd hos mobilsnakkarane, fortel hovudforfattar Ira E. Hyman Jr. ved Western Washington University til Science Daily.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen