Du er her

Grov vald og blybensin

Forskarar seier dei kan forklara opp til 90 prosent av variasjonen i grove overfall mellom seks amerikanske storbyar med mengda av bly som blei sleppt ut i miljøet 22 år tidlegare.

Blystøv frå bilar som brukte blybensin, er no knytt til tilfelle av grovt overfall to tiår etter at overfallspersonen blei eksponert for utsleppa, seier toksikologen Howard W. Mielke til Science Daily. Ifølgje forskaren har utslepp av bly frå trafikk ført til ein auke i grove overfall i byområde.

Forskarar ved Tulane University School of Medicine og Colorado State University i USA samanlikna mengda blyutslepp i dei seks byane Atlanta, Chicago, Indianapolis, Minneapolis, New Orleans og San Diego frå 1950 til 1985. Rundt 20 år seinare fann dei korrelerande toppar i kurven for grove overfall.

Resultata blei kontollerte for andre moglege årsaker, som inntekter, utdanning, politiet sin innsats og fengslingsrater, og fann at ein prosent auke i utslepp av bly gav ein auke på 0,46 prosent i grove overfall.

– Born er ekstremt vare for blystøv, seier Mielke. – Eksponering gjev latente nevroanatomiske effektar som kan påverka framtidig åtferd og velferd i stor grad.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 5, 2012, side

Kommenter denne artikkelen