Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Personar som er aktive på Facebook, har rundt ni prosent fleire nære relasjonar enn internettbrukarar som ikkje er aktive på sosiale medium.
Dette er konklusjonen til Keith Hampton, sosiolog ved University of Pennsylvania, USA, som hausten 2011 samla inn data frå 2255 vaksne amerikanarar som var registrerte på Facebook, Twitter og LinkedIn.
Storbrukarar av sosiale medium er også 43 prosent meir truande til å meina at andre stort sett er til å stola på, og det er ein 43 prosent større sjanse for at dei aktive Facebook-brukarane seier dei vil stemma ved neste val, samanlikna med andre nettbrukarar.
Iføljge smithsoninan.com er Hampton sin studie ein av dei mest omfattande som er publisert om bruken av sosiale nettverk. Hampton fann at 47 prosent av alle vaksne, med ein snittalder på 38 år, er kopla til minst eitt nettverk. 15 prosent av desse oppdaterer Facebook-profilen dagleg, og 22 prosent kommenterer andre sine innlegg kvar dag. 13 prosent av 18–22-åringane oppdaterer statusen fleire gongar for dagen.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen