Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Det er bare eit par år sidan forskarar fortalde oss at hjernen er i endring gjennom heile livet. No kjem liknande funn om ein annan storleik ein har trudd er statisk: personlegdomen.
Folk sin personlegdom kan endrast betydeleg over tid, og slike endringar har mykje å seia for livstilfredsheit, viser ein ny stor studie. Førsteforfattar Chris Boyce, frå University of Manchester’s School of Psychological Sciences, seier til Science Daily at personlegdomsendring lenge har vore rekna som umogleg.
– Vi har funne at personlegdomen kan endrast over tid, og at slike endringar er nær knytt til endringar i velvære.
Personlegdomsendring har mykje større innverknad på velferda enn eksterne faktorar som lønsauke, giftarmål, eller å koma i arbeid. Tidlegare studiar har vist at personlegdom står for opp mot 35 prosent av individuelle forskjellar i tilfredsheit med livet. Til samanlikning betyr inntekt 4 %, sysselsettingssituasjon 4 %, og sivilstatus mellom 1 % og 4 % prosent.
Forskargruppe til Boyce har studert store mengder data frå 7500 australiarar som med fire års mellomrom gav svar på spørsmål om livstilfredsheit og personlegdom.
Personlegdomsendringar viste seg å ha dobbelt så mykje å seia for forsøkspersonane sin trivnad som endringar i rammevilkår, til dømes arbeid, inntekt og kjærleiksliv.
– Forskinga vår tyder på at det å fokusera på kven vi er og korleis vi møter verda rundt oss potensielt kan løysa ut stor betring i trivnaden vår, konkluderer Boyce, og understrekar at funna har konsekvensar for velferdspolitikken.
Dei seier noko om kva som er den beste måten å betra forventingane til livet, både for enkeltpersonar og nasjonar.
Kjelde: Christopher J. Boyce et al. (2012). Is Personality Fixed? Personality Changes as Much as «Variable» Economic Factors and More Strongly Predicts Changes to Life Satisfaction. Social Indicators Research. DOI: 10.1007/s11205–012–0006-z
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen