Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Vil du ha meir ut av opplevinga di av abstrakt kunst? Varm opp med ein skummel film.
Frykt får kunst til å framstå som meir sublim, men det gjer ikkje glede eller kroppsleg aktivering. Dette fann Kendall Eskine og kollegar då dei sette seg føre å undersøka korleis ulike kjensler påverkar kunstopplevinga.
Nokre av dei 85 deltakarane i studien blei viste eit 14 sekundars skremmande filmklypp, andre såg like lenge på gladfilm, nokre tok 30 spensthopp (for å setta i gang høg fysiologisk aktivering), nokre tok 15 spensthopp (låg aktivering), medan resten var kontrollgruppe og gjorde ikkje noko særskilt før dei såg kunst.
Alle fekk sjå fire abstrakte målarstykke, med enkle linjer og geometriske figurar, måla av den russiske avantgardisten El Lissitsky. Kvart bilete blei vist i 30 sekundar, og deltakarane graderte så kor inspirerande, stimulerande, keisam, spanande, rørande, uinteressant, uroande, imponerande og lite engasjerande kunstopplevinga var. Variablane var inspirerte av kunstfilosofen Edmund Burke si oppfatting av det sublime: «That state of the soul in which all its motions are suspended … so entirely filled with its object.»
Dei som hadde sett den skremmande videoen, vurderte kunsten som meir sublim enn det alle dei andre gjorde. Faktisk fann ikkje forskarane påfallande ulikskapar mellom vurderingane i nokre av dei andre gruppene, noko som tydar på at frykt spelar ei særskilt rolle i den sublime kunsterfaringa, skriv BPS Research Digest.
Kjelde: Eskine, K. et al. (2012). Stirring images: Fear, not happiness or arousal, makes art more sublime. Emotion DOI: 10.1037/a0027200
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen