Du er her

Ny skjeggforsking viser ...

Polynesiske kvinner frå Samoa og europeiskætta kvinner frå New Zealand er samde om ein ting: Skjeggete menn er ikkje spesielt attraktive.

ILLUSTRASJON: YAY MICRO

Darwin sette i si tid fram teorien at skjegg utvikla seg hos menneske gjennom at kvinner i evolusjonshistoria hadde favorisert menn med slik tiltrekkande andletsprydnad. Andre har foreslått at skjegg utvikla seg som signal på mannleg status og dominans.

I ein fersk studie viser Barnaby J. Dixsona og Paul L. Vaseyb at Darwin sin teori nok ikkje held vatn. Kvinner frå to svært ulike kulturar på New Zealand og Samoa vurderte ikkje dei skjeggete mannefjesa som meir tiltrekkande enn dei glattraka.

Kvinner og menn frå begge kulturar fekk sjå bilete av ulike menn i to versjonar, med og utan skjegg. Begge kjønn meinte at personen med skjegg var eldre og hadde høgare sosial status enn den barberte utgåva, sjølv om biletet altså viste same person. Menn med sinte andlet blei vurderte til å vera meir sinte med skjegg enn utan. Det ser altså ut til at skjegg forsterkar aggressive andletsuttrykk.

Resultata underbygger hypotesen om at skjegg hovudsakeleg utvikla seg gjennom seleksjon mellom hannar, som del av eit komplekst system av andletsuttrykk som signaliserte status og aggressivitet.

Kjelde: Dixsona & Vaseyb (2012). Beards augment perceptions of men’s age, social status, and aggressiveness, but not attractiveness. Behavioral Ecology, publisert først på nett 13. januar 2012. DOI: 10.1093/beheco/arr214

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 4, 2012, side

Kommenter denne artikkelen