Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Forskarar i England har plukka opp fragment av folk sine tankar gjennom å dekoda hjerneaktivitet utløyst av ord.
Robert Knight og kollegar ved University of California, Berkeley lét datamaskina dechiffrera hjerneaktiviteten til 15 epilepsipasientar og spela av ord desse nett hadde høyrt. Aktiviteten blei avlesen med elektrodar plassert direkte på hjerneoverflaten til pasientane.
Neste steg er å testa om vi kan avkoda ord når forsøkspersonen bare tenker på dei, seier Knight til The Guardian.
Forskinga er på eit svært tidleg stadium, men kan likevel peika veg mot hjerneimplantat som kan overvaka tankane til stumme personar og ut frå det generera ord og setningar. Ei av mange utfordringar blir å få maskina til å skilja mellom ord som personen ønskjer å uttrykka, og ord som vedkomande helst vil halda for seg sjølv, seier Knight.
Kjelde: Pasley B. N. et al. (2012). Reconstructing Speech from Human Auditory Cortex. PLoS Biology 10(1): e1001251. doi:10.1371/journal.pbio.1001251
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen