Du er her

Menn gjer godt for å imponera kvinner

Innsikter frå teoriar om seksuell seleksjon og om kostnadskrevjande signalisering tyder på at kampen om kvinnene ligg under når menn bidreg positivt til fellesskapen.

Professor i psykologi ved Universitetet i Amsterdam, Mark Van Vugt, og kollegaer utførte to eksperiment for å testa denne hypotesen. Resultata viste at menn bidreg meir når dei har eit publikum av motsett kjønn, medan kvinner ikkje viste ein tilsvarande effekt. I tillegg viste det seg at menn bidrog i aukande grad til samfunnsgagnlege aktivitetar dess meir attraktive dei rangerte dei kvinnelege tilskodarane.

I eit av eksperimenta spelte ulike grupper av menn eit fellesgodespel som gjekk over fem rundar. Bidraga til fellesskapen viste signifikant auke over tid når tilskodarane bestod utelukkande av kvinner. I eit slikt miljø meldte òg mannfolka seg oftare som frivillige for ulike velgjerande føremål. Gode gjerningar som tener fellesskapen, er den menneskelege ekvivalenten til påfuglhalen, konkluderer forskarane.

Kjelde: Mark Van Vugt og Wendy Iredale (2012). Men behaving nicely: Public goods as peacock tails. British Journal of Psychology. Nettpublisert 1. februar

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 3, 2012, side

Kommenter denne artikkelen