Du er her

Facebook-syting skapar avstand

Facebook burde vera perfekt for personar med låg sjølvkjensle, sidan det å dela opplevingar er viktig for å bygga venskap. Men i praksis er det ikkje slik, viser ein ny studie.

Menneske som loggar seg på Facebook med låg sjølvkjensle, har nemleg ein tendens til å bombardera venene sine med statusoppdateringar om negativt småtteri frå livet. Slik gjer dei seg vanskelegare å lika, seier førsteforfattar Amanda Forest til Psychological Science.

I ein studie spurte forskarane studentar kva dei syntes om Facebook. Personar med låg sjølvkjensle viste sterkast tendens til å tenka at nettstaden gav høve til kontakt med andre, og at Facebook var ein trygg møtestad som minska faren for pinlege situasjonar.

Forskarane fekk også tilgang til dei ti siste statusoppdateringane til forsøkspersonane. Kvart sett med oppdateringar blei vurdert med tanke på kor positiv eller negativ det var, og studentar som var vande med Facebook, vurderte kor godt dei likte personen som hadde skrive dei.

Personar med låg sjølvkjensle var meir negative enn personar med høg sjølvkjensle – og dei var dårlegare likt. Det viste seg òg at dei med låg sjølvkjensle fekk flest tilbakemeldingar på positive statusoppdateringar, medan meir trygge personar fekk mest tilbakemelding på negative oppdateringar, kan henda fordi desse var sjeldne.

Kjelde: Association for Psychological Science. «Facebook is not such a good thing for those with low self-esteem, study finds.» ScienceDaily, 1. feb. 2012. Web. 13. feb. 2012.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 3, 2012, side

Kommenter denne artikkelen