Du er her

Blodprøve avslører depresjon

Pilotstudie viser høg treffsikkerheit når det gjeld å diagnostisera depresjon ved hjelp av ein blodprøve.

Forskarar ved Massachusetts General Hospital i Boston har analysert nivået av ni ulike biomarkørar som kan gjera det mogleg å skilja ut pasientar med ei alvorleg depressiv liding. Biomarkørane var assosierte med betennelse, stressresponsar i hjernestrukturar og daning av nevronar.

Ifølgje førsteforfattar bak studien, George Papakostas, er målet meir treffsikker diagnostisering og kan henda òg måling av enkeltpasientar sin respons på behandling.

Pilotstudien blei finansiert av firmaet som har utvikla testen, Ridge Diagnostics. Den besto av 36 vaksne personar diagnostisert med alvorleg depresjon, og ei kontrollgruppe på 43 friske. Ved hjelp av blodprøvane klarte forskarane å peika ut 90 prosent av dei diagnostiserte personane.

Psykiatriprofessor Harold Koenig ved Duke University Medical Center åtvarar i ein kommentar til studien mot følgjene for deprimerte pasientar som testar negativt på blodprøven. Depresjon er ei svært subjektiv liding. Å då bli fortalt at ein ikkje er sjuk, på bakgrunn av ein test som er langt frå perfekt, vil kunna legga stein til børa for pasientar som allereie har det svært tungt.

Professor i farmakologi ved same universitet, Cynthia Kuhn, understrekar at det er viktig å testa ut om blodprøven kan skilja depresjon frå tilgrensande lidingar. «Det er lite truleg at ein blodprøve er åleine er nok,» seier ho, ifølgje nettstaden ABC news.

Kjelde: George I. Papakostas et al. (2011). Assessment of a multi-assay, serum-based biological diagnostic test for major depressive disorder: a Pilot and Replication Study. Molecular Psychiatry, 13.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 3, 2012, side

Kommenter denne artikkelen