Du er her

Du hugsar feil på få sekund

Minnet vårt fyller umiddelbart ut hola i hendingar vi observerer.

Hukommelsen er ein kreativ prosess. Dette fører Brent Strickland og Frank Keil slåande bevis for i den følgjande studien. Dei viste 58 studentar tre ulike filmklypp på 30 sekund av ein person som sparka ein ball. I den eine videoen enda opptaket med at ein såg konsekvensen av handlinga: at ballen fauk mot horisonten. Eit anna klypp mangla denne scena, og viste i staden for eksempel ein vilkårleg linjemann som jogga langs sidelinja. I den siste filmvarianten var hendingsrekkefølgja snudd om og endra, slik at det faktiske skotet mot ballen til dømes ikkje blei vist.

Forsøkspersonane blei etter å ha kikka på ein film vist ei rekke stillbilete og bedne om å seia om desse var med i filmen dei hadde sett. Dei som såg videoen med ball på slutten, var tilbøyelege til å seia at dei hadde sett scena der ballen blei skoten, sjølv om nett dette biletet mangla i filmen. Dei skapte seg med andre ord eit minne om å ha sett handlinga, fordi følgjene som blei viste, impliserte den. Dette skjedde lynraskt, nokre gongar så raskt som eitt sekund etter at den relevante filmbiten var blitt observert.

Minneskapinga oppstod derimot ikkje når filmen hadde ein irrelevant slutt eller var rota til. Den blei altså utløyst av at forsøkspersonane observerte konsekvensar som impliserte ei tidlegare hending. Slik skapte studentane ein kausal og samanhengande minnepakke.

Desse nye funna viser kor lett for eksempel eit vitne i ei kriminalsak vil kunna innbilla seg at det såg pistolen bli avfyrt, medan det dei faktisk såg, var først ein person med pistol og så ein annan person som fall om av eit skotsår, skriv BPS Research Digest.

Kjelde: Strickland, B. & Keil, F. (2011). Event completion: Event based inferences distort memory in a matter of seconds. Cognition, 121 (3), 409–415.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 2, 2012, side

Kommenter denne artikkelen