Du er her

Sjølvmordsrisiko aukar med bare ein forelder

Å bu med bare ein av dei biologiske foreldra sine gjev klar auke i risikoen for sjølvmordsforsøk hos unge under 15 år.

I doktorgradsarbeidet sitt ved NTNU undersøkte samfunnsmedisinaren Latha Nrugham kva for faktorar og årsaker som låg bak sjølvmordsforsøk hjå trønderske ungdomar, basert på data frå studien «Ungdom og psykisk helse» i perioden 1997–2005. Studien omfatta i overkant av 2500 unge i Trøndelag.

Blant dei som prøvde å ta livet sitt då dei var 14–15 år var det ein faktor som peika seg ut som viktig: at dei ikkje budde saman med begge dei biologiske foreldra. Blant dei som prøvde å ta livet sitt, var det 65 prosent som budde saman med bare ein forelder. Blant dei som ikkje gjorde sjølvmordsforsøk, var det bare 35 prosent som budde med ein forelder. Nrugham understrekar overfor forsking.no at studien ikkje seier noko om steforeldrer. Studien gjev heller ikkje grunnlag for å seia noko om kor vidt det er best å bu hos mor eller hos far.

For ungdom generelt viser studien fire risikofaktorar: tidlegare sjølvmordsforsøk, å ikkje bu saman med begge biologiske foreldra, kognitive depressive symptom og det å vera direkte utsett for vald.

Kjelde: Artikkelen «Familie beskytter mot selvmord», publisert på forskning.no 12. desember 2011.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 1, 2012, side

Kommenter denne artikkelen