Du er her

Følelsar formidla gjennom musikk

Seks grunnleggande følelsesuttrykk let seg gjenkjenna i musikksekvensar som lyttarane aldri hadde høyrt før.

Små musikksekvensar, 18 i talet, av tre til fem sekunds varigheit, blei spelte av for 115 forsøkspersonar. Sekvensane var komponerte for å formidla ein av seks grunnleggande kjensler: glede, sinne, avsky, overrasking, sorg og frykt, og blei framførte på ulike soloinstrument. Resultata til norske Christine Mohn sitt forskarlag viser at lyttarane makta å oppfatta dei seks grunnleggande kjenslene, sjølv om dei aldri har høyrt musikken før.

Variasjonane var rett nok store i gruppa som blei undersøkt når det gjaldt treffprosenten på riktig klassifisering. Det viste seg òg at evna til å klassifisera kjensler i musikk var uavhengig av eventuell musikalsk trening i barndomen eller ungdomstida, eller musikalske evner.

Kjelde: Mohn, C. et al. (2011). Perception of six basic emotions in music. Psychology of Music, vol. 39 no. 4. Side 503–517.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 49, nummer 1, 2012, side

Kommenter denne artikkelen