Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Utvalet var lite, men teknologien fiks, då Megan Robin sitt forskarlag undersøkte samanhengen mellom banning, depresjon og opplevd tap av sosial støtte for middelaldra kvinner.
Kvinnene, 13 med artrose og 21 med brystkreft, bar med seg ein liten opptakar på jakkeslaget som tok opp 50 sekundar med lyd kvart 18. minutt frå dei med artrose og 50 sekundar kvart niande minutt frå dei med kreft.
To og fire månader etter baseline blei det igjen teke mål av depresjon og opplevd sosial støtte. Hovudfunnet er at høgare bannerate i samvær med andre, men ikkje åleinebanning, var assosiert med ein auke i depresjonssymptom og lågare opplevd sosial støtte. Statistiske analysar tydde på at banninga sin effekt på depresjon var mediert av den tapte sosiale støtten, som BPS Research Digest så elegant formulerer det.
– Dette er ein av dei første studiane som viser korleis banning er involvert i meistringsstrategiar, uttalar forskarane. – Den set søkelys på ein potensiell kostnad ved banninga: den kan undergrava psykologisk tilpassing, truleg gjennom å støyta vekk emosjonell støtte.
Forskarane innrømmer at studien har sine svake sider. Til dømes kan ikkje metoden utelukka at årsakspila går andre vegen; mindre sosial støtte eller meir depresjon kan ha gjort at nokre av kvinnene banna meir. Ei anna innvending går på utvalet. Kan henda fører banning blant middelaldra kvinner til sosial fråstøyting på grunn av sosiale normer. Same studien utført på unge menn kunne gjeve eit heilt anna resultat. Blant unge menn og i andre kontekstar kan banning jamvel ha funksjon som sosialt lim, kommenterer forskarane.
Kjelde: Robbins, M et al. (2011). Naturalistically observed swearing, emotional support, and depressive symptoms in women coping with illness. Health Psychology, vol 30 (6). Side 789–792.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen