Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Personar som er sinte har større sjanse for å vera kreative, viser ei ny studie. Men skaparevna går raskt over i mindre positive tilstandar.
Matthijs Baas og kollegar ved University of Amsterdam sette seg føre å utforska eventuelle positive effektar av sinne og aggresjon. Arbeidet deira har resultert i ein serie med artiklar publisert i The Journal of Experimental Social Psychology.
I den første studien sin fann forskarane at sinne førte til meir ustrukturert tankemyldring hos forsøkspersonane, noko som er kjent for å henga saman med kreativ problemløysing. I ein oppfølgjande studie provoserte forskarane fram sinne hos ei gruppe med forsøkspersonar, medan to andre grupper anten blei «gjort triste», eller var i liten grad emosjonelle. Personane tok deretter del i ei idémyldring. I starten kom dei sinte deltakarane med både flest og mest originale idear (som bare ein prosent eller færre av dei andre deltakarane kom på). Men etterkvart jamna kreativiteten I gruppa seg ut.
Ifølgje ein artikkel i Scientific American 23. august i år er dette ikkje overraskande, gjeve det vi allereie veit om aggresjon. For det første, sinne er ei energirik kjensle, noko som kan ha tyding for å oppretthalda merksemda som er viktig for kreativ problemløysing. For det andre fører sinne til fleksible og ustrukturerte tankeprosessar som involverer bruk av vidtfemnande kategoriar og ei forsterka evne til å finna nye samanhengar mellom kategoriar.
Dei nederlandske studiane går inn i ei rekke nyare undersøkingar som viser at negative kjensler, som sinne, faktisk kan verka positivt inn på dagleglivet – med atterhald om at sinne ikkje er positivt i ein kvar samanheng. Ifølgje artikkelen i Scientific American finst det forsking som viser at sinte personar hadde større sjanse til å gjera det godt i forhandlingar, men bare når klimaet i forhandlinga var konfronterande.
Andre studiar har vist at sinte leiarar blei oppfatta som betre leiarar, men bare dersom dei leia folk som var lite sensitive for konflikt. Eventuelle positive effektar av aggresjon er altså både situasjonsavhengig og personavhengig. Men alt i alt problematiserer denne forskinga tanken om at sinne er bare negativt.
Kjelde: Baas, M. et al. (2011). Creative production by angry people peaks early on, decreases over time, and is relatively unstructured. Journal of Experimental Social Psychology. In press.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen