Du er her

Kunstnarmyten stemmer

Det har aldri funnest eit stort geni som ikkje har eit drag av galskap. Sitatet skal stamma frå den gamle romaren Seneca. Studiar av data frå 300 000 svenskar med alvorlege psykiske lidingar ser ut til å bekrefta denne eldste av vestens mytar.

Simon Kyaga og kollegar fann ein klar overrepresentasjon i kreative yrke av personar behandla for bipolar liding. Den same effekten viste seg hos friske søsken av personar med schizofreni eller bipolar liding. Studien er utført ved avdelinga for biostatistikk og epidemiologi ved Karolinska institutet og baserer seg på data frå dei omfattande svenske helseregistra. Preferansen for kreative yrke gjaldt ikkje for personar med schizofreni, men også desse var overrepresenterte i yrke som grensa til det kunstnarlege. Personar med depresjon eller søskena deira skilte seg ikkje frå kontrollgruppa – som i praksis bestod av resten av befolkninga i Sverige.

Studien omfatta inneliggande pasientar behandla for schizofreni, bipolar liding eller depresjon i Sverige mellom 1973 og 2003 og slektningar utan slike diagnosar.

Kjelde: Kyaga, S. et al. (2011). Creativity and mental disorder: family study of 300 000 people with severe mental disorder. The British Journal of Psychiatry. Publisert på nett 8. juni.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 12, 2011, side

Kommenter denne artikkelen