Du er her

Kognitiv telefonrevolusjon

Kognitive eksperiment på smarttelefonen kan revolusjonera den kognitive vitskapen. Dette hevdar ei forskargruppe som har testa ut hypotesen med ein eigen psykologisk forskings-app.

ILLUSTRASJON: ODA VALLE.

Den store utbreiinga til miniatyrdatamaskiner kan bety ein revolusjon for forsking på kognitive prosessar og hjelpa faggreina vekk frå overfokuseringa på godt utdanna vestlege forsøkspersonar i laboratorieforsøk. Smarttelefonane si enorme utbreiing opnar for ein dramatisk auke i mengda innsamla presise data. Franske Stéphane Dufau og kollegar meiner ein no kan avdekka lovar for sinnet som tidlegare har blitt borte i støyen frå småskalaeksperiment.

For å illustrera poenget sitt utvikla den internasjonale forskargruppa ein applikasjon som gjenskapar det klassiske kognitivpsykologiske eksperimentet «Lexical decision task» – brukt til å studera mentale prosessar involvert i lesing. Deltakarane blir presenterte for ein serie med bokstavsamansettingar og må så raskt som råd avgjera om det dei ser, er eit ordentleg ord eller ikkje.

App-en blei lansert på sju språk i desember 2010. Etter bare fire månader hadde forskarane samla inn data frå fire tusen deltakarar. Til samanlikning: Det tok meir enn tre år å samla inn ei tilsvarande datamengd på konvensjonelt vis.

– Endeleg kan ein samla inn pålitelege og kulturelt mangfaldige data i stor skala. Dette gjer det mogleg å testa direkte dei kognitive teoriane sin universalitet, kommenterer Dufau ifølgje BPS Research Digest.

Kjelde: Stéphane Dufau et al. (2011). Smart Phone, Smart Science: How the Use of Smartphones Can Revolutionize Research in Cognitive Science. PLoS ONE, 6 (9)

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 11, 2011, side

Kommenter denne artikkelen