Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
«Eg er ikkje rasist, fleire av mine beste vener er innvandrarar.» Mange av oss har sagt det, og fleire har høyrt det. Men kva betyr eigentleg venskap for smidig samhandling mellom ulike sosiale grupper?
Det finst ei mengd forsking som viser at folk vanlegvis kjenner seg utilpass i møte med nokon av ei anna sosial gruppe enn si eiga. Grunnar kan vera negative fordomar, usikkerheit om korleis dei sjølve blir vurderte og frykt for å bli oppfatta som fordomsfulle. No viser ein studie utført av sosialpsykologen Jonathan Cook ved Columbia University, USA at venskap fjernar ubehaget i den sosiale relasjonen mellom vener med ulik etnisitet. Men når det kjem til seksuell orientering, er ikkje venskap alltid nok for å dempa uroa.
Ved hjelp av ein lomme-pc registrerte 64 forsøkspersonar sosial interaksjon i ei veke, inkludert kjenslene knytte til ulike møte. Forsøkspersonane som var kvite og homofile, rapporterte meir uro i møte med personar med ein annan etnisitet enn i møte med meir «likeskinna». Dette gjaldt også for både heterofile og homofile svarte. Men var personen dei møtte, ein ven, forsvann ubehaget.
Kvite heterofile opplevde derimot inga uro i møte med personar med annan etnisitet. Ei forklaring kan vera at dei kvite heterofile forsøkspersonane i denne studien stort sett var liberale studentar frå sosiale majoritetsgrupper. Forskarane spora jamvel det dei tolka som ei mogleg sjølvbekreftande åtferd frå dei kvite heterofile forsøkspersonane – dei rapporterte nemleg at dei slappa best av i møte med vener med annan etnisitet enn han eller ho sjølv. Gjennom å demonstrera at ein ikkje har fordomar overfor ei gruppe som historisk har vore marginalisert, er ei sjølvbekreftande handling som viser at ein har positive haldningar til det å møta andre grupper.
Eit siste funn: Menn av alle seksuelle orienteringar hadde problem med å omgåast sjølv eigne vener som hadde ei anna seksuell orientering, medan kvinner fiksa dette fint. Men –kanskje ikkje heilt uventa – di meir kontakt ein hadde hatt tidlegare med personar med ei anna seksuell legning, di færre negative kjensler vekte slik kontakt.
Kjelde: Jonathan Cook et al. (2011). Friendship trumps ethnicity (but not sexual orientation): Comfort and discomfort in inter-group interactions. British Journal of Social Psychology DOI: 10.1111/j.2044–8309.2011.02051.x
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen