Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Hjernen hugsar både andlet og abstrakte skyggefigurar overraskande godt over tid, viser ny forsking.
Ei forskargruppe tilknytt McMaster University, Ontario, Canada viste deltakarane i ein studie bilete av andlet og av abstrakte mønster.
– Vi fann at perseptuell læring er svært presis, og at effekten held seg lenge, seier førsteforfattar Zahra Hussain til Medical News Today.
I løpet av dei to dagane kurset i perseptuell læring varte, fekk deltakarane i oppgåve å plukka ut eit bestemt andlet eller eit mønster frå eit stort utval. For å gjera det vanskeleg blei bileta forringa og andleta viste i utsnitt, og deltakarane fekk bare sjå dei i korte glimt. Først var identifiseringsevnene dårlege, men treffprosenten auka jamt med øving.
Eitt år seinare blei ei gruppe deltakarar henta inn for å løysa dei same oppgåvene på ny. Dei fekk i tillegg nye oppgåver å løysa, basert på same type biletmateriale. Dei kjente oppgåvene blei løyste med bravur, medan den perseptuelle læringa ikkje hadde signifikant effekt på løysing av nye og liknande oppgåver. Medforfattar Allison Sekuler kommenterer funna slik:
– I tida mellom lab-besøka har deltakarane våre sett tusenvis av andlet og like fullt lagra informasjonen om kva dei såg eit år tidlegare. Hjernen ser verkeleg ut til å halda fast ved spesifikk informasjon, seier ho. Men forskarane spør seg korleis evna til å lagra store mengder irrelevante data påverkar læring og lagring av meir relevant informasjon. Kva vil det til dømes ha å seia for born i dag som veks opp i ei verd der sansane blir bombarderte med inntrykk?
– Vi kjenner endå ikkje dei langsiktige følgjene av dette, understrekar Patrick Bennett, ein annan av forfattarane.
Kjelde: Hussain, Z. et al. (2011). Superior Identification of Familiar Visual Patterns a Year After Learning. Psychological Science, 724–730.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen