Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Babyar som blir amma, har klart mindre risiko for å få åtferdsproblem når dei er fem år, enn dei som får morsmjølkerstatning.
Forskarar ved fire britiske universitet har samla data frå fleire enn 10 000 par med mødrer og born som tek del i den pågåande Millennium Cohort Study. Foreldra fylte ut eit spørjeskjema for å kartlegga åtferda til ungane. Berre 29 % av borna som var fødde på termin, og 21 % av dei premature, blei amma i minst fire månader. Av desse viste berre 4 % tendensar til problematisk åtferd då dei var fem år, mot 16 % i gruppa som fekk morsmjølkerstatning.
Forskjellen heldt seg signifikant hos borna fødde etter full tids svangerskap når ein kontrollerte for sosioøkonomisk status og mors utdanning, alder og røykevanar. Blant borna som var for tidleg fødde, blei derimot effekten då mindre tydeleg.
Ifølgje forskarane er det er to moglege forklaringar på at dei som blir amma, klarar seg betre. Den eine er at brystmjølk inneheld store mengder feittsyrer som er viktige for utviklinga av hjernen. Men produsentar av morsmjølkerstatning har i dei siste ti åra blitt flinkare til å tilsetta slike stoff i produkta sine. Det andre moglege svaret er at amming fører til meir interaksjon mellom mor og barn og betre læring av akseptabel åtferd, seier forskarane til avisa The Guardian.
– Det er kjent at positiv tilknyting mellom mor og barn er svært nyttig for utviklinga, kommenterer professor i klinisk psykologi ved universitetet i Liverpool Peter Kinderman.
Kjelde: Heikkilä, K. et al. (2011). Breast feeding and child behaviour in the Millennium Cohort Study. Archives of disease in childhood. Publisert på nett 9. mai 2011.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen