Du er her

Lesemusikk og tekstforståing

Å lesa til musikk ein ikkje likar, gjev dårlegare tekstforståing.

Roger Johansson og kollegar ved Lund Universitet i Sverige lét 24 studentar studera fire ulike tekstar i fire ulike situasjonar: 1) medan dei lytta til musikk dei likte å lesa til; 2) medan dei lytta til musikk dei ikkje likte å lesa til; 3) medan dei lytta til eit opptak av støy frå ein kafé; 4) i eit stille miljø. Etter at teksten var lesen, utførte forsøkspersonane ein test av leseforståinga. Augebevegelsane til deltakarane blei registrerte under lesinga av alle tekstane.

Deltakarane viste signifikant dårlegare leseforståing når dei lytta til musikk dei ikkje likte, enn når dei las i eit stille miljø. Ingen av dei andre lesetilstandane viste signifikante effektar. Augebevegelsane endra seg heller ikkje etter lesesituasjon. Ei mogleg forklaring er at forsøkspersonane ikkje var bevisste på at den uønskte musikken forstyrra leseforståinga. Difor endra dei heller ikkje lesestrategi for å kompensera for den ekstra kognitive belastinga den uønskte musikken representerte, noko som samla sett gav dårlegare forståing av innhaldet i tekstane.

Kjelde: «Eye movements and reading comprehension while listening to preferred and non-preferred study music». Psychology of Music. Publisert online 10. mars 2011.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 6, 2011, side

Kommenter denne artikkelen