Du er her

Evidensbasert møbeldesign

Vil møblar utforma på basis av psykologisk forsking bli det neste store innanfor interiør og design?

Publisert
5. mai 2011

Illustrasjon: Oda Valle

Forskarane Sibel Dazhir og Marilyn Read har undersøkt kjenslereaksjonar på møblar med runde kantar samanlikna med meir firkanta møblar. Meir enn hundre unge studentar vurderte ulike datagenererte interiør over nettet og svarte på spørsmål om kva kjensler dei vekte. Spørsmåla målte nivå av glede og håp, kor lenge dei tenkte at dei ville opphalda seg i kvart av dei fire romma, og kor sosial kvart rom fekk respondentane til å kjenna seg.

To av dei fire interiøra inneheldt avrunda møblar. Dei to andre hadde rette kantar og skarpe vinklar, alle danderte i dei same to mønstera. For å kontrollera for anna påverking var bileta i gråtonar.

Romma med runde former skapte signifikant meir positive kjensler og innstillingar hos forsøkspersonane enn dei meir firkanta romma. BPS Research Digest strekar under at resultata sjølvsagt bare er foreløpige. Både kultursensitive oppfølgingsstudiar og forsøk med ekte rom er påkravde. Og ein må undersøka om formar og fargar kan drukna effektane møbelfasongen ser ut til å skapa. Men denne første studien tyder altså på at designarar som vil skapa behagelege og inviterande rom, bør gå for runde former.

Kjelde: Dazkir, S. & Read, M. (2011). Furniture Forms and Their Influence on Our Emotional Responses Toward Interior Environments. Environment and Behavior, 13. mars.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 5, 2011, side

Kommenter denne artikkelen