Du er her

Sint og rasjonell

Aggresjon kan hjelpa oss til å ta meir sjølvstendige og reflekterte avgjerder, viser overraskande ny forsking.

Publisert
5. april 2011

Personar som er sinte når dei tek avgjerder, er mindre utsette for å leita etter informasjon som gjev støtte til standpunktet dei allereie har. Slik vil dei i visse situasjonar kunne ta betre avgjerder enn den som er avbalansert og roleg. Dette viser ein studie utført av Maia Young og kollegaer ved University of California, Los Angeles.

Forskarane lét 97 førsteårsstudentar tru dei var med i to ulike eksperiment. I det første skulle dei anten skriva om ein gong dei var uvanleg sinte (dette for at dei skulle bli sinte), eller ei trist eller daglegdags hending. Deretter fekk alle lesa ei innføring til ein debatt om bruk av hands-free for mobiltelefonen i ved bilkøyring. Alle var valde ut på grunnlag av at dei før studien meinte det var tryggare å køyra bil når ein brukte hands-free. Deretter måtte deltakarane blant åtte artiklar om emnet velja ut fem som dei ønskte å lesa på bakgrunn av oppsummeringar på ei setning.

Dei «sinte» deltakarane valde flest artiklar som var i strid med det opphavlege standpunktet deira. Dei endra òg standpunktet sitt mest i løpet av forsøket. Resultata blei repliserte i ein studie med 89 vaksne som under valkampen i 2008 måtte velja blant artiklar om kven som skulle bli president i USA.

Sjølv om det hypoteseundergravande handlingsmønsteret truleg er aggressivt motivert, meint å nedkjempa motstandaren si meining, blir resultatet at den som kjenner seg sint, til sjuande og sist tek avgjerda basert på betre og meir balansert informasjon, kommenterer Young ifølgje researchblogging.org.

Kjelde: Young, M. et al. (2011). Mad enough to see the other side: Anger and the search for disconfirming information. Cognition and Emotion, 25 (1), 10–21.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 4, 2011, side

Kommenter denne artikkelen