Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Minner hos rotter kan forsterkast eller viskast ut gjennom auking eller minking av aktiviteten i eit bestemt enzym, sjølv veker etter at minna blei forma.
Todd Sacktor seier at studien deira er den første til å påvisa at eitt enkelt molekyl, PKMzeta, både er nødvendig og tilstrekkeleg for å lagra minne over lang tid. Saman med kollegaer ved Weizmann Institute of Science, Rehovot, Israel, publiserte han funnet i Science 4. mars i år.
PKMzeta-mekanismen ser ut til å verka kva tid som helst. Til forskjell frå andre nyleg oppdaga tilnærmingar til styrking av hugsen, er ikkje denne metoden avhengig av å utnytta tidsavgrensa opningar like etter læring og ved gjenkalling, der minne i ein overgangsfase blir skjøre og påverkelege.
Forskarlaget til Sacktor har vist at blokkering av PKMzeta i neocortex (eit område for lagring av langtidsminne) hos rotter fleire veker etter at dei hadde lært å ikkje eta av ein mat dei blei kvalme av, fekk gnagarane til å gløyma læringa og gå laus på maten att med frisk appetitt.
I den nyaste studien sin nytta dei eit modifisert virus til å infisera neocortex med PKMzeta-genar, noko som gav overproduksjon av enzymet med påfølgande betring i minnet. Dei reverserte også effekten ved å tilføra enzymet i ei mutert, inaktiv form, skriv ZeitNews.org.
Kjelde: Shema R. et al. (2011). Enhancement of consolidated long-term memory by overexpression of protein kinase Mzeta in the neocortex. Science.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen