Du er her

2,4% av verdas befolkning har bipolar liding.

Publisert
5. april 2011

Dette kjem fram i ein unik studie som baserer seg på data frå 61 392 vaksne i elleve land. I høginntektsland får 50,2% behandling i psykisk helsevern, i land med middels inntekt 33,9%, og i låginntektsland 25,2%. Tre av fire med bipolar liding har òg ei anna psykisk liding. Med i studien var USA, Brasil, Columbia, Mexico, Bulgaria, Romania, Kina, India, Japan, Libanon og New Zealand.

Kjelde: Merikangas, K. (2011). Archives of General Psychiatry, 68, 241–251. 

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 4, 2011, side

Kommenter denne artikkelen