Du er her

Status skapar aggresjon

Populære unge er mest truande til å visa aggressiv åtferd overfor jamaldringar. Unnataket er dei som står heilt på toppen av rangstigen.

Dei blir ikkje populære fordi dei er aggressive, det er omvendt: Dei blir aggressive fordi dei er populære, kommenterer Bob Faris. Sosiologen ved University of California har saman med kollegaen Diane Felmlee følgt unge åttande-, niande- og tiandeklassingar i North Carolina i eit år.

– I all hovudsak finn vi at status aukar aggresjonen, seier han til LiveScience.

Rundt 3700 personar blei spurt om venskap, kven dei sjølv plaga, og om dei blei plaga av andre. Forskarane samla informasjon om både fysisk aggresjon og psykisk, som bruk av kallenamn og utfrysing. Resultata blei kontrollerte for variablar ein veit påverkar aggresjon, som dating, sportsaktivitetar, skuleprestasjonar, sosioøkonomisk status og fysiologisk utvikling. Faris seier aggressiviteten blir eit verkemiddel for å sikra ein sentral posisjon i eit sosialt nettverk. Å ha ein slik sentral posisjon betyr ikkje bare at ein har mange vener, men at desse venene òg har framskotne sosiale posisjonar, noko som gjev stor makt. Aggresjonen aukar gradvis med populariteten heilt opp til dei to prosent mest populære. Desse er jamvel mindre aggressive enn dei som er minst populære av alle.

– Vi kan ikkje utelukka at desse ganske enkelt er fantastiske menneske som alle likar, kommenterer Faris. Men han meiner forklaringa nok heller ligg i at desse mest populære er så trygge i posisjonen sin at dei ikkje treng å vera aggressive lenger.

Kjelde: Faris, R. & Felmlee, D. (2011). Status Struggles: Network Centrality and Gender Segregation in Same- and Cross-Gender Aggression. American Sociological Review, 76 (1), 48–73.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 3, 2011, side

Kommenter denne artikkelen