Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Det er oftast betre å vera god nok enn å vera god, sjølv for psykologiprofessorar.
Psykologiprofessor Simon Sherry ved Dalhousie University, USA, har studert kollegar over heile Nord-Amerika for å finna ut om perfeksjonistiske personlegdomsdrag korrelerer med produktivitet i forskinga.
Etter å ha undersøkt heile 1258 psykologiprofessorar, fann Sherry at perfeksjonisme relaterte seg negativt til talet på publikasjonar, talet på publikasjonar som førsteforfattar, talet på sitat og «impact rating» hos tidsskrifta ein fekk publisert i.
Psykologiprofessorane blei valde ut som studieobjekt fordi arbeidet deira er komplekst og krev både fleksibilitet og strategisk tenking – nett dei eigenskapane som perfeksjonisme kan hindra, skriv Psychological Science.
– Ein må vita når det er passande å strekka seg etter ekstremt høge mål, og når det er greitt å bare vera god nok, seier Sherry.
– Perfeksjonisme er overdriving – slike personar har ein tvangsmessig trong til å vera perfekte, sjølv om dette sjeldan fører til høge prestasjonar. Perfeksjonisme er ikkje noko problem, så lenge alt er perfekt, konkluderer psykologiprofessoren.
Kjelde: Sherry, S. B. et al. (2010). Perfectionism dimensions and research productivity in psychology professors: Implications for understanding the (mal)adaptiveness of perfectionism. Canadian Journal of Behavioural Science/Revue canadienne des sciences du comportement, 42 (4), 273–283.
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen